Konsert: Folketonar med Berit Opheim og Sigbjørn Apeland

I år er det 250 år sidan lekpredikanten og samfunnsbyggar Hans Nielsen Hauge vart fødd. Vi markerer Jubileet med konsert og foredrag i Hjelme gamle kyrkje. Konserten er med songar Berit Opheim og musikar Sigbjørn Apeland. Repertoaret er gamle religiøse folkesongar i eigne arrangement for song og orgel. Arrangementet startar kl 18.00 med «kyrkjekaffe» m.m. inspirert av Hauges virke. Foredrag om Hauge: hans religiøse tyding, hans grynderverksemd og husflid/strikke veksemd.  

Billettar kan du kjøpe her.

Folkesongar frå Voss

Sigbjørn og Berit har samarbeida i omlag 30 år i ulike musikalske prosjekt. Dei har begge vore svært aktive utøvarar i alle desse åra i inn - og utland innan fleire musikalske sjangrar, i tillegg til undervisning og forsking innan folkemusikken ved m.a. Griegakademiet og Ole Bull Akademiet. Saman har dei m.a. ei duoplate med religiøse folketonar frå Vestlandet; Den blide sol. No skal dei gjera innspeling av eit nytt album og denne gongen er det religiøse folketonar kun frå Voss.Det er fortrinnsvis musikk frå dette repertoaret som vert framført i Gamle Hjelme kyrkje, i eigne arrangement for song og orgel, både trøorgel og stort kyrkjeorgel. Det er fleire kjende salmetekstar som t.d. Krist stod opp av døde, Alene Gud i Himmerrik og Nu hviler mark og enge.

 

 

Den raude tråden

Som nevnt er det i år 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Det markeres i ein serie arrangement samla under tittelen: Den raude tråden. Du kan lese meir om Hauge og dei ulike arrangementa her.

Arrangementet denne kvelden er eit samarbeid mellom Kyrkja i Øygarden, Nærmiljøutvalet Bakken krins og Kystmuseet i Øygarden.