Kurs i grindbygging

Har du lyst å lære deg korleis du kan sette opp eit grindverksbygg? Bli med på kurs i september med Vestnorsk Kulturakademi her på Kystmuseet i Øygarden.

Bli med på kurs

I september blir det kurs i grindbygging her på Kystmuseet i
Øygarden. Kurset er i regi av Vestnorsk kulturakademi. Lars Ingvald
Folkedal er med som instruktør.

Litt om grindbygging

Grindbygging krev lite grunnarbeid og gir ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit raskt og fleksibelt byggesystem. Huset blir reist på ein dag, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ønskeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføra ein av dei eldste byggemetoden vi kjenner i Noreg. Lær deg den tradisjonelle byggemetoden sammen med instruktør og andre interesserte her på Kystmuseet i Øygarden i regi av Vestnorsk kulturakademi (VKA).

Påmelding og praktisk info

Kurset går frå fredag 17. til søndag 19. September. Oppmøte på Kystmuseet i Øygarden.

Fredag, 17.09 kl 09:00 – 17:00
Laurdag, 18.09 kl 09.00 – 16.00
Sundag, 19.09 kl 09.00 – 16.00


Kurset passer for både kvinner og menn. Kurset kostar kr. 3.900,-. inkluderer mat og kaffi og det meste av verktøy; du bør ta med deg høyrselsvern, og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. Det blir brukt motorsag på kurset så ta med vernebukse. Det vil bli gitt opplæring i bruk av motorsag.


Meld deg på til post@kulturakademi og gje opp følgjande: namn, full
adresse, mobilnr, epost og fødselsår.

Les meir om kurset her.