Nylonstrømpa - Da mor ble sexy!

Underholdningsvogna er tilbake på Kystmuseet! Denne gangen med ein hyllest til Nylonstrømpa, som fyller 80 år i år.
Gled deg til ein humoristisk, energisk og varm førestilling om kvinnefrigjering og strømpesømmer, storreingjering og søte draumar!

Underholdningsvogna hyller professor Mr. Wallace Carothers ved fabrikken DuPont og hans oppfinning nylon, som blei presentert første gong i 1939. Klesplagget blei ein enorm suksess verda over, men til Norge kom ikkje denne vedunderstrømpa før lenge etter 2. verdskrig. Her på dei nordlege breiddegrader seies det at strømpene frøys fast på leggen vinterstid, for kva gjer vi ikkje for skjønnheita! Førestillinga finn stad i ein typisk Oslobygard på slutten av 1950-tallet kor vi blir kjende med dei to naboane Nelly Hansen og Solgunn Nilsen. Publikum får også møte ektemannen Ole, sladrekjerringa Gurine, og den flørtande strømpeseljaren. Her blir det nostalgiske gjenhøyr med songar som “Sussebass” og “I wanna be loved by you”, jazz av Burt Bacharach og revyviser av The Monn Keys så vel som Lalla Carlsen, samt nyskrivne låtar som feirar jubilanten nylonstrømpa. 

Vi opnar dørene kl. 18.00 og har open kafe i timen før forestillinga starter.

Billettpris 280kr

Sikre deg din billett på museet eller klikk her: https://checkout.ebillett.no/1508/events/5998261/purchase/setup?return_url=https://ebillett.no/90150800000000/5998261&kanal=epo