Padle-rebus for 10-14 åringar!

Lyst til å gjere noko nytt i haustferien?
Bli med på torsdagen da vel!
Vi skal padle kano og kajakk i området ved Kystmuseet og løyse rebus undervegs!
Dermed blir det padling, ilandstigning, leite etter rebusoppgavene, latter og fjas.
Etter to timer på tur ender vi opp i kafeen på Kystmuseet kor det serveres varm lunsj. Etterpå kan du bli med på omvisning i utstillinga og sjå ein film i kinosalen!

Program for dagen

Oppmøte ved nybygget på kaien på Kystmuseet kl 09:45.
Utdeling av padlevestar og fordeling i kanoane og kajakkane.
I tillegg til museet sine stabile kanoar, vil det vere nokon kajakkar tilgjengeleg så dei som kan padle kajakk får bruke kajakkar!
Vi padler etter eit rebuskart og skal i land 4-5 flotte plassar for å finne og løyse morsomme oppgåver!
Sertifisert padleinstruktør i Norges Padleforbund leder turen.
Lunsj blir klokka 12-12:30. Det serveres varm mat og drikke i kafeen på Kystmuseet.
Etter lunsj kan dei som vil, få ei omvising i utstillinga pluss sjå film i auditoriet.
Avsluttast kl 13:00.

Påmelding og pris

Aktiviteten kostar 300 kroner per person og inkluderar lån av kano/kajakk, alt av utstyr, padlevest, rebustur, omvising på museet, film på museet og varm lunsj!
Bindande påmelding direkte til Kystmuseet på epost til marianne.lindgren@museumvest.no
Betaling skjer via VIPPS ved ankomst.
VELKOMMEN TIL MUSEET 😊
OBS!!!
Kle deg godt. Ha med vind- og vanntett jakke og bukse, varm genser/fleece, støvler, ekstra sokker og hue.