Opning av den nye barnekroken vår og gratis tur med RIB

Palmesundag opnar museet for sesongen og me markerar det med opning av ein heilt ny barnekrok i kafeen, og gratis tur med RIB til visingsanlegget for oppdrett. Me set opp 3 RIB-turar og her er det fyrste mann til mølla som gjeld.

Endeleg opnar me for sesongen. 

Palmesundag vert den nye barnekroken innvia på museet. Her er det leiker og bøker for dei små som dei kan kose seg med under museumsbesøket. Som ein ekstra feiring set me opp turar til oppdrettsanlegget med RIB kl 12.15, 12.45 og 13.15 denne dagen. Turen er innkludert i museumsbilletten, men det er avgrensa kapasitet så her lyt ein vera rask. Merk aldersgrense 5 år for å vere med i RIB.

I tillegg har me sjølvsagt utstillingar og filmar, puslebord i kafeen kor ein kan lage påskepynt og kort, spørsmålsjakt inne og ute og open kafe.

Velkommen!