Viking- og kystdag på Kystmuseet

Vikingaktivitetar og moro for heile familien!

Tradisjonen tro vert det også i år familiedag på museet. Temaet i år er viking- og kystliv. I samarbeid med Askøy vikinglag, Fjell kystlag og vikingskipet Håkon Håkonsson vert det aktivitetar for liten og stor heile dagen.

Program for dagen:

kl 12.00: Nyopning av påhengsmotorutstillinga i saltebua på kaien
kl. 14.00: Notkast på vågen ved Fjell Kystlag

Frå kl. 12.30 og resten av dagen:
Aktivitetar ved Askøy vikinglag. Prøv deg på brikkevev, nålebinding, punting og mykje meir.
I smia kan du treffe på smeden som demonstrerar tradisjonelt smiarbeid.
Turar med vikingskipet Håkon Håkonsson kvart 45.minutt.

Heile dagen er det open kafe og utstilling.

Inngangsprisar:
50 kr per person, her er alle aktivitetar bortsett frå vikingskipet inkludert.
Born under 3 år går gratis.
Tur med vikingskipet 50 kr per person.