Vinterferien på Kystmuseet

Vi har ope museum tysdag-torsdag i vinterferien. Ulike aktivitetar kvar dag.
Kafeen er open og her kan du også låne teiknesaker og brettspill.

 

I vinterferien har vi fylgjande aktivitetar på museet:

Tysdag 25.februar: Kino med SOS Svartskjær
Tysdag i vinterferien kan du sjå filmen SOS Svartskjær. I kafeen kan du kjøpa kakao, boller og deilig suppe som kan varme godt på ein februardag. Filmen SOS Svartskjær er ein spanande familiefilm ifrå 2008 og den vart filma i Øygarden og på Fedje.
Filmen startar kl. 11.00 og varer 1,5 timer.

Onsdag 26.februar: Bygg din eigen båt:
Onsdag i vinterferien kan du få snekra deg ein båt her på museet. Vi opner i smia og der kan du få hamre og snekre (nesten) alt kva du orker - berre fantasien set grenser.

Torsdag 27.februar: Livet i fjæra - med kano
Torsdag i vinterferien kan du vera med på oppdagarferd i fjæra, kva finn vi der - kanskje noko som kan etast? Kle deg etter været, vi er ute uansett regn og vind. Støvlar og regnklede er lurt uansett, ta gjerne med eit tørt skift. Om veret er bra nok padlar vi til fjæresteinane i kano, om ikkje så går vi.

Gratis inngang til museet og aktivitetane.

Barn under 12 år må ha følgje av ein vaksen.

Velkomen!