Kultur og natur på same plass

Kystmuseet er eit flott utgangspunkt for ein dag ved sjøen. Kombiner kultur med natur, få både utstilling og badetur på ein og same plass.

12.000 år med historie

I hovudutstillinga kan du utforske dei siste 12.000 år med kysthistorie, frå sild og pote til 7 dagars bryllupsfest med alt tilbehør. I kafeen kan du nyte nysteikte lapper, kaffe og is med mer. Vi har flott terrasse med le for nordavinden. I museumsbutikken finn du mykje artig som du ikkje finn alle andre stadar.

Utforsk Ovågen på eige hand - husk badetøy

Vil du utforske Ovågen på eiga hand, er du hjarteleg velkommen til å gjere det. Vi har gratis utlån av fiskeutstyr, og vil du på skattejakt i fjøra har vi både hov og vannkikkert til låns. Og sist men ikkje minst, så har vi flotte bademoglegheiter rundt museet, inkludert ei lita sandstrand ideell for småborna. I kafeen kan du leige handduk om du har gløymd å ta med, og til og med kjøpe badetøy. 

Bli med i RIB til Øygarden visningssenter for laks

Nemnde vi at på kvardagar kan du kl 12 og 13 bli med i RIB-båten vår til visingsenteret for havbruk? Her får du møte både røktaren sjølv og laksen – og du får deg ein frisk liten tur på sjøen. Merk at dette er eit populært tilbod så her er det lurt å ringje oss på førehand å høyre om ledige billettar.