I Øygarden har havet prega livet og kystkulturen gjennom uminnelege tider.
Bli med inn
Få stader er den historiske tidslinja så synleg som ved Kystmuseet i Øygarden. Her kan du sjå korleis menneska har levd og overlevd ved å nytta naturen og naturressursane rundt seg.
Museumsbygningane ligg omkransa av vakker kystnatur i eit autentisk sjøbruksmiljø. Tida går fort med mykje å sjå og oppleve både inne og ute.
Havets sølv og sorte gull
Før i tida var Øygarden eit øyrike utan vegar og bruer. Ein kom seg rundt med båt, anten med eller utan motor. Tidslinja strekk seg frå kvalfangst og sildefiske til tider med olje og gass og dagens havbruksnæring.
Ta kysten i nærare augesyn. Er du glad i å gå tur passar det fint å starte frå museet. Det er mogleg å legge til med eigen båt, og det er høve for å setje ut kajakk frå museets båtopptrekk. I sesongen har me fiskeutstyr til låns så du kan freiste fiskelukka på kaien.
Dette tilrår vi
Hovudutstillinga Livet ved havet viser korleis kystfolket har livnært seg gjennom tidene. I naustet finn du utstillinga Eg rodde meg ut om heimefiske til eige matfat og for sal på Fisketorget i Bergen. I den gamle saltebua på kaia finn du ei spanande utstilling med påhengsmotorar frå ulike tidsepokar.
Få også med deg utstillinga vår om fest og bryllaup i Vil du gifte deg Anna? Her fortel vi om vi bryllaupsdrakt- og festtradisjonar. Korleis gjekk eigentleg eit bryllaup føre seg før i tida, det får du svar på her.
I kafeen kan du ta ein pust i bakken. Nyt ein god kopp kaffi og nysteikte lappar. Er veret fint har vi stor terrasse med ly for nordavinden. I museumsbutikken finn du eit nøye utval av varer med tema som passar inn på museet. Kystkultur og livet ved havet står i sentrum også her, og du finn bøker, gåver og suvenirar til både liten og stor.
På museumsområdet finn du også fleire fine badeplassar. Kvifor ikkje pakke med badetøy og matpakke og ta heile dagen i Øygarden?
Museet har universell tilpassing og er ope i heile sumar.
Du finn oss i Øygarden!
Praktisk informasjon