Høgtideleg opning av Taremare

Tysdag 7. desember kl. 12.00 sette barn frå  Svanevågen og Blomvåg Barnehagar stemninga for opningsseremonien for det nye bygget Taremare på Kystmuseet i Øygarden. Stolte barn song med stor innleving til dei frammøtte fylkes- og kommunetoppane, venner og kollegaer.

 

Høgtidelege ord frå fylkesordførar Jon Askeland, ordførar i Øygarden kommune Tom Georg Indrevik og direktør for Museum Vest Øyvind Stang vart kjapt gjort unna i den kalde desembervinden før fylkesordføraren kutta tauet. Tauet vart kutta med same kniven som vart nytta då Kystmuseet i si tid vart innvigd.

Fylkesordførar Jon Askeland:

- Eg er stolt over dekå, at de hadde idèen, og gjennomført med stil, til beste for oss alle. Dette er museum på sitt beste, lengst framme i høve fylket sine visjonar om korleis musea skal vera blant oss,- formidla fortida, få oss til å undrast, forstå notida, og ta gode val for framtida.

Eit bygg til all slags nytte

Nybygget Taremare skal nyttast til formidling og det vert mogleg å tilby variert undervisning om både livet i havet og energi. Vi har fått økonomisk støtte til å utvikle eit undervisningsopplegg om energi som ferdigstilles i desse dagar. 

Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune, seier: 

- Det blir eit flott smykke i kommunen. Dette er staden for undervisning, lærdom og fest.

Om Taremare-bygget

Taremare er eit kombinert undervisning- og aktivitetsbygg. Bygget er teikna av arkitekt Trygve Solløs frå 3RW arkitekter. Med solceller på taket, varme frå sjøvatn i golvet og naturlege materialar er dette eit bygg som i seg sjølve har element av formidling om bærekraftig energibruk.

Namnet Taremare kjem frå barneboka "Det hende i Taremareby". Her fortel  forfatter Ingebrigt Davik om ein eventyrverden under vatn der vi mellom anna møter  Krabbekrølle og Flyndrefanten. Kystmuseet fekk lov til å nytte namnet av Davikfamilien som syntes dette var stor stas.  

Kystmuseet i Øygarden

Museet viser kystkultur frå steinalder til oljealder. Livet ved havet er i fokus og korleis livet er og har vore her langs kysten.

No i desember er museet ope med onsdagskafe kvar onsdag 12-15. 

Skuleklassar og barnehagar kan bestille undervisningsopplegg på Museumslosen (mulo.no)