Barnas Museumspass

Klar for ein sommar med opplevingar både ute og inne? Få med deg eit "Barnas Museumspass" når du kjem innom eit av musea i Museum Vest.

På passet samlar du merker frå dei ulike avdelingane, og rekk du å besøke tre avdelingar før 31.august er du med i trekninga om eit årskort til Museum Vest for heile familien. Er du klar for ein skikkeleg museumsturne?