Dagstur til Kystmuseet, Adnestova og Hengjo på Hellesøy

Ta eit verkeleg dypdykk i kystens kulturarv ved å kombinera ein tur til Kystmuseet med nokre ekstra stopp på vegen nordover i Øygarden. 

Første stopp på vegen er Kystmuseet. Her står livet ved havet i fokus og gjennom filmar og utstilling får du eit godt innblikk i korleis livet er og har vore her langs kysten. Etterpå kan du følgje vegen nordover til Adnestova og Nordsjøhagen på Skredberget. Merk deg at ei omvisning her må tingast på førehand. Kontakt Egil Sæle for bestilling: egilas@online.no.

Heilt til sist anbefalar vi at du køyrer heilt nord til Hellesøy, der kor vegen sluttar. Her kan du besøke den nyrestaurerte Hengjo kor historia bokstavleg talt sitt igjen i tak og veggar.