Familievenleg påske på museet

Ta med familien på museum denne påsken. Utstillingar og filmar, påskequiz både i utstillinga og på museumsområdet ute. I kafeen finn du puslebord kor ein kan lage kort og anna påskepynt. Nytt i år er eigen barnekrok i kafeen kor dei små kan kose seg med leiker og bøker.

Ta med borna på museum i påsken

Kystmuseet er ope palmesøndag, tysdag, skjærtorsdag, langfredag og 1.påskedag. Ta med deg heile familien og kos deg med påskepuslerier i kafeen, sjå filmar om korleis det var når straumen kom til Øygarden, gå på spørsmålsjakt inne og ute med appen vår. Etterpå kan du nyte ein god kopp kaffe og ein nystekt lapp i kafeen. Om veret er fint kan du sitje ute på den nye terassen vår med den beste utsikten til Ovågen.