I sommar kan du vere med på guida tur på museumsområdet. Du får både høyre og sjå korleis livet her i Øygarden har endra seg gjennom dei siste 12.000 åra. Om du ikkje har høve til å vitja oss, eller vil førebu deg litt - eller berre rett og slett er interessert i Øygardshistoire har du no moglegheit til å bli med til Kystmuseet i Museum Vest sin eigen podkast: Museum Vest podden.
Øygardshistoria kort fortalt
Her er Museum Vest poddens eigen omtale av programmet:
I Øygarden på Vestlandet har folk levd tett på og av sjøen i 12.000 år. Bli med i denne episoden til Kystmuseet i Øygarden, en avdeling i Museum Vest. Bjørg T. Christophersen er museets leder og hun tar oss med på en vandring i museets nærmiljø. Der finnes mange spor etter livet på kysten før og nå. Du får høre om fangstkulturen i steinalderen, Blomvågfunnet, om fiskerbonden, ullproduksjon i jernalderen, smien og jernets betydning, kystgården og energihistorie fra torv til olje og gass, heimefiske, salting av sild, taresanking og motorhistorie for å nevne noe. Programleder er Bård Gram Økland fra Bergens Sjøfartsmuseum. Du finn programmet her.
Museum Vest podden 
Podcasten har mange spanande tema frå dei 8 musea som høyrer til under Museum Vest paraplyen. Sendingane har innhald som spennar frå skipsfart, fiskeri-, kyst-, og krigshistorie til fortellinger om hanseatene. Vel verdt å lytte på.