Våre utstillinger

Skiftande tider, skiftande samfunn.

Vil du gifte deg Anna...

Bli med på tradisjonell bryllaupsfest i Øygarden. Ei vakker bruredrakt med tilhøyrande krone er naturleg midtpunkt i utstillinga, men gjestane og sjølve festen er også hjarteleg tilstade.

 

 

Strilabryllaup

Sumar og bryllaup høyrer saman. Visste du at i Øygarden vart det festa i mange dagar når to skulle smies i hymens lenkjer. Dans og spel til langt på natt, mykje drikk og god mat høyrde med. Heile bygda var invitert og det kunne være over 100 gjestar.

Kronebrud

Nokre jenter var kronebrud. Brurekrona symboliserte i katolsk tid jomfru Marias krone, og det var bare den uberørte jenta som fekk bære krone. Brura vart pynta i lag på lag frå topp til tå – ei brud var så staseleg at ho hadde ikkje mindre enn fem stakkar på seg.

Vil du vite meir, og ikkje minst sjå meir må du ta turen til Kystmuseet i sumar og sjå jubileumsutstillinga vår.

Velkommen!

 

Livet ved havet

Ressursane frå havet har alltid vore viktige her i Øygarden. Frå fiske og jordbruk til olje- og gass.

Ta ei vandring gjennom tida i utstillinga vår. Gjennom bilete, film, tekst og gjenstander fortel vi korleis samfunnet her i Øygarden har endra seg gjennom tidene - frå dei fyrste menneska kom hit rett etter siste istid og fram til i dag. Samfunnet har endra seg mykje gjennom åra, frå fiskarbonde til industrisamfunn til olje- og gassalderen. Tenk for ein anna kvardag det vart når straumen kom, eller når Rongesundbrua vart opna. Samfunnet er i stadig endring, og nokre av dei endringane kan du oppleve hos oss.

Velkommen!

 

Eg rodde meg ut

 Fiske til eiga gryte og til sal i byen. Heimefisket har lange tradisjonar på øyane ved havet både som næring og levevis.

Eit rikt innsig av makrell og sild i vågen og gode fiskeressursar få sjømil unna naustet, gjorde folket kring Ovågen sjølvberga året rundt. Reiskapane som blei brukte i dette tradisjonelle fisket var handsnøre, line, ulike garn, landnot og teiner. Laga heime på garden eller kjøpte hos bondehandlaren i Bergen.

I eit naust ved Ovågen fortel vi historia om folket og reiskapane dei brukte.

Påhengsmotorar frå fjern og nær

Gunnar Mikkelsen samla på utanbordsmotorar i mange år. Vi er så heldige at deler av samlinga no er utstilt her på Kystmuseet. 

Her finn du sjeldanheitar som kombinert påhengs- og motorsag, for ikkje å snakke om ein motor så liten at du kan putte den i ryggsekken. Fleire stader i verden er representert og samlinga strekkjer seg over ein lang tidsepoke.Utstillinga finn du i saltebua på kaien.

Øygarden Visningssenter

Har du nokon gong undra deg over korleis moderne produksjon av laks går føre seg? Bli med til visningssenteret og møt både havbrukar og laksen sjølv.

 

På Kystmuseet kan du oppleve laks på ein unik måte. Bli med på ein fartsfylt båttur og på omvisning på eit moderne fiskeoppdrettsanlegg i Øygarden. Du får oppleve laksen på nært hald. Guiden vår fortel om havbruksnæringa og korleis den har utvikla seg i Noreg og lokalt i Øygarden.

Det er turar på kvardagar mai-august kl 12 og 13. Merk at dette er eit populært tilbod så det er lurt å kontakte oss på førehand for å bestille plass.

Spørsmål og bestilling:

kystmuseet@museumvest.no
tlf: 53 00 61 40