VAMP i sommersol

Stemninga kunne ikkje vore betre då VAMP for fjerde gong gjekk på scena i One fredag for ei veke sidan. Etter ein sommar med vind og regn passa det ekstra godt at sola og varmen valgde akkurat denne helga for å gjere ein gjesteopptreden. Glade publikummarar fekk gledje seg over ny musikk, men sjølvsagt vart det også gjenhøyr med Månemannen, Liten fuggel og 13 Humler.

Open scene uten tak!

Øyvind Staveland og VAMP serverte ein framifrå musikalsk oppleving for dei om lag 360 publikummarane. Med fri utsikt til ein open scene (utan tak!!!) koste folk seg på svaberg og i båtar, for i år kunne ein nemleg kjøpe båtbillett. Tilbakemeldingane på den var framifrå, så det vil me fortsette med

 

Som skrive er det fjerde gongen VAMP sto på scena ved Kystmuseet, og kvar einaste konsert har vore ei heilt eigen oppleving. Første gong dei var her sto dei på lekter under konserten, andre gongen var det familiekonsert på dagtid, besøk nummer tre var i sterk vind (sikkert stiv kuling…minst) og denne gongen altså i herleg seinsommarsol. Med dette til no siste besøket har me også hatt gleda av å høyre alle dei tre vokalistane som har vært med i VAMP oppigjennom åra, ringen er på ein måte slutta med Jan Ingvar Toft ved mikrofonen.

Gode hjelparar

Kystmuseet fekk særs god hjelp frå UL Stølen, som bidrog med både musklar, latter og god stemning. I tillegg stilte som vanleg Røde Kors opp, og gjorde at vi kjende oss trygt ivaretatt.På nedrigg vart til og med publikummarar med, og det seier nok noko om stemninga denne kvelden – for den var god!