Hopp til hovedinnhold

Ope museum i jubileumsveka

Jubileumsveka er fullpakka med opplevingar! Museet er ope måndag til fredag, og om kveldane kan du bli med på spennande arrangement og markeringar.

I samband med jubileet vårt utvidar vi sesongen med ei ekstra veke, og inviterer deg til å ta del i feiringa

Kystmuseet i Øygarden
06. sep. 2026
12.00 – 17.00
07. – 11. sep. 2026
11.00 – 16.00
13. sep. 2026
11.00 – 17.00
  • 1/1

Feir jubileet saman med oss!

I samband med jubileet vårt utvidar vi sesongen med ei ekstra veke, og inviterer deg til å ta del i feiringa.

Gjennom jubileumsveka held museet ope måndag til fredag. Her kan du utforske utstillingane våre, ta turen innom kafeen for noko godt å ete og drikke, og kikke innom museumsbutikken. Kvar dag vert det også høve til å bli med på tur til Øygarden visingssenter på faste avgangstider.

I løpet av veka kan det innimellom dukke opp små, ekstra programpostar på dagtid. Det kan vere alt frå gamle museumsfilmar og korte foredrag til andre små jubileumsglimt frå historia vår. Kva som skjer, og når det skjer, tek vi litt på sparket, så følg gjerne med når du er innom.

Vi gler oss til å feire saman med deg, og ønskjer store og små hjarteleg velkomne til ei innhaldsrik og festleg jubileumsveke ved museet!