Hopp til hovedinnhold

Ope museum i vinterferien

I vinterferien held vi ope måndag til fredag – og du er velkomen til ei veke full av gode opplevingar for både store og små!

  • Velkommen til ein aktiv vinterferiepå Kystmuseet.

Kvar dag byr vi på spanande aktivitetar her på Kystmuseet. Det blir:

  • Turar med RIB til oppdrettsanlegget
  • Kino kl 13.15 (Sjå eige arrangement for kinoprogram og gratisbillettar)
  • Ope i smia tysdag og onsdag kl 11-14
  • Hyggeleg servering i kafeen

Turar til oppdrettsanlegget måndag-fredag kl 11 og 12
For å delta på turane må du hente ut gratis billett på førehand. Her gjeld «førstemann til mølla»-prinsippet, så det kan løne seg å vere tidleg ute.
Av tryggleiksomsyn må barn under 12 år ha ein vaksen per barn i RIB‑båten.
Billettane ligg ute i eige arrangement.

Billettar og inngang

  • Vaksne (18+) betaler vanleg museumsbillett. Då er alle aktivitetar inkluderte.
  • Born har gratis inngang.
  • Barn under 13 år må ha med ein vaksen når dei besøker museet.

I kafeen får du nysteikte bollar og lappar, og du kan òg kjøpe litt kinosnop til filmstunda.

Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til ei innhaldsrik og koseleg vinterferieveke på Kystmuseet! 🌊🎥🔥