Velkommen til den aller første utgåva av Øygarden Strikkefestival. Dette vert vårens kjekkaste happening. Det vil bli salgsboder, workshops og interessante foredrag.
- 1/1
Programmet for festivalen er no klart, og vi kan by på mykje kjekt som du kan vere med på. Merk at alle som kjem på festivaln må kjøpa seg ein festivalbillett, den gir inngang til heile festivalområdet, kafeen og marknaden. Dersom du vil vere med på workshops eller foredrag, så må du kjøpa billett til desse også. Lenker til dei ulike billettane finn du lengre ned på sia.
Etterstrikk på kvelden - OBS AVLYST!
På grunn av lågt billettsalg må vi dessverre avlyse ETTERSTRIKK laurdag kveld. Vi er lei for dette og for eventuelle ulemper det måtte medføre.
Strikkefestivalen går likevel som planlagt på dagtid, og vi gler oss til å ønskje dykk velkomne til ein knakande kjekk festival med gode opplevingar på Kystmuseet.
Billettar til ETTERSTRIKK vil bli refunderte automatisk. Pengane skal vere tilbakeførte i løpet av nokre dagar.
- 1/1
Lenke til billettkjøp
Trykk på lenka for å komme til billettane. Festivalbilletten må alle ha, dei andre vel du sjølv etter kva du har lyst å vere med på.
OBS! Når du har kjøpt billett vil du få tilsendt e-post med ordrebekrefting/billettar, dersom du ikkje har fått e-post så ta kontakt med oss for då kan det vere krøll i systemet. Bruk denne adressa ved kontakt: kystmuseet@museumvest.no