Hopp til hovedinnhold

Praktisk Informasjon

Transport & Parkering

Korleis koma seg til Kystmuseet i Øygarden, med bil, buss eller anna transport. Det er stor parkeringsplass langs hovudvegen med gruslagd sti ned til museet. Merk! Stien egnar seg ikkje for dei i rullestol eller som har problem med å bevege seg, då anbefaler me å køyre til museet og parkere på egen parekringsplass der.

Med offentleg transport

Frå Bergen busstasjon tek du buss 460 til Ågotnes i Fjell kommune. På Ågotnes terminal er det bussbytte til buss nummer 479. Haldeplassen er "Ovågen" Reisetida er omlag 1,5 timar.

Med bil

Du finn oss ved å følgje riksveg 555 mot Sotra. Kjør over Sotrabrua og gjennom Kolltveittunellen, rett etter tunnellen tar du til høgre i rundkjøringa og følgjer riksveg 561 mot Hellesøy. Frå Kolltveittunnellen tar det omlag 30 minutt før du er ved museet. Museet ligg langs vegen, og det er skilta ved parkeringsplassen.Reisetid frå Bergen sentrum er 50 minutt.

Tilgjengelegheit

Museet er universelt utforma. Det er mogleg å kjøyre heilt til hovudinngangen og sleppe av folk, og det er reservert parkering for rørslehemma ved museet. Teleslynge i kinosalen.

Vi har museumsbutikk og kafe. Du kan betale med både kort, kontantar og Vipps. Det er wifi i heile museumsbygget, spør ved ankomst om påloggingsinformasjon.

Tidsbruk for å sjå museets utstillingar og filmar er omlag 1-1,5 timar.

  • Bilde av Kystmuseet i Øygarden

    Kystmuseet i Øygarden

    Kystkultur frå steinalder til oljealder. Få stader er den historiske tidslinja så synleg som ved Kystmuseet i Øygarden. Her, midt i det moderne oljeeventyret, kan du sjå korleis menneske gjennom tidene har levd og overlevd ved å utnytta naturen og naturressursane rundt seg. Museet har ein flott kafé, utleige av kano og robåt, strand, gjestekai og mange turmoglegheiter.

Museum24:Portal - 2024.05.16
Grunnstilsett-versjon: 2