Hopp til hovedinnhold

Dag 2: Brrrent Lyng Festivalen

Laurdagjen fortset Brrrent Lyng 24 og det vert "full fyr" med intimkonsert, standup, elektronika og for ikkje å gløyma den store finalen med sjølvaste Valkyrien Allstars. Her er noko for (nesten) einkvar smak.

  • 1/1

Musikk, stemning og latter på plakaten

På laurdagjen vert det høg stemning med intimkonsert på terassen, standup og konsertar på storscenen på kaien. Mingling og god mat er sjølvsagt på festival og det får du så klart her også. Huset Spiseri sel og serverer god grillmat på kaien, og i kafeen på museet kan du kjøpa forfriskingar og kioskvarar. Det vert sal av øl og vin under konsertprogrammet fredag og laurdag (18-23).  Som avslutning på Brrrent Lyng Festivalen 24 er det Valkyrien Allstars som går på scenen heilt til slutt denne laurdagjen.

Aldersgrense 18 år.

Praktisk informasjon

Buss til festivalen: Det vil bli satt opp bussar både fredag og laurdag. Meir informasjon vil koma snarleg. 

Båt til festivalen: Det vil bli satt av plass til 25 småbåtar på inntil 25 fot innafor avgrensa område. Desse må kjøpa eigne båtbillettar. Meir informasjon vil koma snarleg. 

Billettar

Her får du kjøpt billettar til dei ulike hendingane

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2