- 1/1
Under grindverksbygget på kaien finn du Storabåten med notspel og Seifisteinen. Seifisteinen er båten som heng oppunder taket.
Bruk av båtar har vore ei føresetnad for at det var mogleg å busetja seg i Øygarden. Færingens plass i landsskap og kultur går tusenvis av år attende og heng nøye saman.
Kystmuseet har difor sidan starten i 1996, hatt som ei av sine primære oppgåver å samla inn og forvalta tradisjonsbåtar. Museet har som eit av sine føremål å bevara dei innsamla båtane som vart nytta i distriktet og formidla kjennskap til bruken av dei og deira rolle i kystkulturen.
Båtsamlinga på Kystmuseet består av eit 30 tals båtar der om lag halvparten er lokalisert på museumsområdet i Ovågen der dei er synlege for publikum på forskjellige måtar i utstillingar og naust. I resepsjonen på museet kan du få med deg eit skriv med informasjon om dei ulike båtane du finn på museumsområdet.
- 1/3
På den blå veggen kan du lese meir om notfiske, notrull og spel. - 2/3
"Multiframdriftsvidunderet" ein færing som er utstyrd med innanbords og utanbordsmotor, aksling, propell og ror. I tillegg er den rigga med segl. - 3/3