Hopp til hovedinnhold

Tur til handelsstaden Heggholmen med Vestgar

Bli med på ei kulturhistorisk reise med den gamle rutebåten Vestgar. Turen går til Heggholmen der Egil Sæle og Trygve Fjeldstad frå Øygarden sogelag fortel.

Bli med på ei kulturhistorisk reise med den gamle rutebåten Vestgar.

Kystmuseet i Øygarden
13. sep. 2026
09.30 Sjå tekst for rutetider og ombordstiging
Kjøp billett
  • 1/1

Vestgar startar frå Bergen og stoppar innom Vindenes før den kjem til Kystmuseet. Her vert det eit opphald før turen går vidare til Heggholmen. Du velger sjøl på kva haldeplass du vil gå ombord, billettprisen er den same uansett - men ver nøye på å velge billett ut ifrå kvar du går på båten. Rutetidene ser du litt lengre ned i teksten.

På Kystmuseet får du sjå miniutstillinga om badekaret frå Heggholmen, samt mini-dokumentaren frå hentinga av det frå havets botn.På Heggholmen går vi i land og Egil Sæle og Trygve Fjeldstad frå Øygarden sogelag fortel om Seneosen og historia til handelsstaden på Heggholmen. Her har det vore handel i fleire hundre år, så historiene er mange og spanande.
Til og med Håkon Håkonson har kjøpt snop her.

Det blir sal av mat og drikke ombord.

RUTETIDER:

09:30 Avgang Bergen
10:30 Ankomst/avgang Vindenes
11:30 Ankomst Kystmuseet
12:15 Avgang til Heggholmen frå Kystmuseet
13:00 Ankomst Heggholmen
14:15 Avgang Heggholmen
15:00 Ankomst Kystmuseet
15:15 Avgang Kystmuseet
16:00 Ankomst/avgang Vindenes
16:45 Ankomst Bergen

Velkomen ombord!

Arrangementet er del av Kulturverndagane 2026