Hopp til hovedinnhold

Kystmuseet i Øygarden

I Øygarden har havet prega livet og kystkulturen gjennom uminnelege tider.

  • Silje Katrine Robinson / Museum Vest

Bli med inn

Få stader er den historiske tidslinja så synleg som ved Kystmuseet i Øygarden. Her kan du sjå korleis menneska har levd og overlevd ved å nytta naturen og naturressursane rundt seg.

Museumsbygningane ligg omkransa av vakker kystnatur i eit autentisk sjøbruksmiljø. Tida går fort med mykje å sjå og oppleve både inne og ute.

  • Jan Tore Tangvik / Museum Vest

Havets sølv og sorte gull

Før i tida var Øygarden eit øyrike utan vegar og bruer. Ein kom seg rundt med båt, anten med eller utan motor. Tidslinja strekk seg frå kvalfangst og sildefiske til tider med olje og gass og dagens havbruksnæring.

Ta kysten i nærare augesyn. Museet har utleige av robåt og kano, og vil du gå tur passar det fint å starte frå museet. Det er mogleg å legge til med eigen båt, og det er høve for å setje ut kajakk frå museets båtopptrekk.

  • Siri Giil Rolland / Museum Vest

Dette tilrår vi

Hovudutstillinga Livet ved havet viser korleis kystfolket har livnært seg gjennom tidene. I naustet finn du utstillinga Eg rodde meg ut om heimefiske til eige matfat og for sal på Fisketorget i Bergen. I den gamle saltebua på kaia finn du ei spanande utstilling med påhengsmotorar frå ulike tidsepokar.

I sumar opnar utstillinga Vil du gifte deg Anna? Om bryllaupsdrakt- og festtradisjonar. Korleis gjekk eigentleg eit bryllaup føre seg før i tida, det får du svar på her.

I kafeen kan du ta ein pust i bakken. Nyt ein god kopp kaffi og nysteikte ausekaker (lappar). Er veret fint har vi stor terrasse med ly for nordavinden. I museumsbutikken finn du eit nøye utval av varer med tema som passar inn på museet. Kystkultur og livet ved havet står i sentrum også her, og du finn bøker, gåver og suvenirar til både liten og stor.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2