Hopp til hovedinnhold

Om museet

Kystmuseet i Øygarden er eit kulturhistorisk økomuseum som tar vare på og formidlar kulturhistoria om natur, landskap og kulturminne.

Museet ligg i eit særeige sjøbruksmiljø i Ovågen. Som økomuseum forvaltar museet kulturhistoriske bygningar som ligg i sitt naturlege miljø, kulturlandskap både på land og til sjøs.

I formidlinga er det fokus på mennesket sin bruk av landskap og ressurs gjennom 11000 år og inn i framtida. I hovudbygninga, nusta og saltebua vert kulturhistoria formidla gjennom gjenstandar og utstillingar. I Taremare Hav- og berekraftsenter vert dagens bruk av kyst og hav formidla, og ein peikar framover inn i det grøne skiftet.

Skuleklassar og barnehagar kan bestille besøk via Museumslosen. Velg mellom Dei fyrste vestlendingene, Fiskeforskarskulen og Den blå åkeren.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2