Hopp til hovedinnhold

Dagstur til Kystmuseet, Adnestova og Hengjo på Hellesøy

Kystmuseet i Øygarden fortel om korleis livet er- og har vore her vest i havet. Fortsett turen vidare nordover kor veien smalnar, til Adnestova og Hengjo på Hellesøy for eit enda djupare dykk i kulturarven vår.

  • Naustet og kaien på Kystmuseet i Øygarden.
    Naustet og kaien på Kystmuseet i Øygarden. Siri Giil Rolland / Museum Vest
  • Silje Katrine Robinson / Museum Vest

Kystmuseet

Første stopp på vegen er Kystmuseet. Her står livet ved havet i fokus og gjennom filmar og utstilling får du eit godt innblikk i korleis livet er og har vore her langs kysten. I skuleferien kan du ta med heile familien og ha ei aktiv stund på museet før du køyrer vidare nordover. Får 3.juli er den nye utstillinga vår "Vil du gifte deg Anna..." klar for besøk, om tradisjonar og skikkar rundt eit ekte strilabryllaup - og ikkje minst klesdrakten til både brurepar og gjestar.

Adnestova

Etterpå kan du følgje vegen nordover til Adnestova og Nordsjøhagen på Skredberget. Adnestova er ei lemstove som før var del av eit klyngetun nord på Sæle. Stova er over 300 år gamal, og den eldste delen stammar heilt tilbake til1600-talet. Når du kjem ned bakken mot Adnestova ligg det ein vakker hage på høgre hand. Kysthagen til Egil Sæle er verkeleg verdt eit besøk , ikkje mindre enn 100-150 sortar lyng har han planta i hagen som kler det lille berget. Merk deg at ei omvisning her må tingast på førehand. Kontakt Egil Sæle for bestilling: egilas@online.no.

Hengjo på Hellesøy

Heilt til sist anbefalar vi at du køyrer heilt nord til Hellesøy, der kor vegen sluttar. Her kan du besøke den nyrestaurerte Hengjo kor historia bokstavleg talt sitt igjen i tak og veggar. I sommar (28.juni-8.august) er det pop-up restaurant i Hengjo kor du kan få deg eit deilig måltid med kortreist mat. Det må jo vere ein perfekt avslutning på dagen.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2