Hopp til hovedinnhold

Taremare sjøbad

På museumsområdet finn du fleire fine badeplassar. Om du vil leggje på svøm frå badetrappa eller kjenne sand mellom tærne så kan du gjere begge deler her hjå oss. Vi kan vel kanskje si at vi har den finaste badeplassen i Øygarden - velkommen til Taremare sjøbad 🐳

  • 1/1
    Jan Lillebø

Kystmuseet er eit supert utgangspunkt for ein dag i Øygarden. Kvifor ikkje pakke med seg matpakke og badetøy og planlegge for badeutflukt. På museet kan du sjølvsagt komm einnom for ein is eller nysteikt lapp.

Taremare sjøbad består av ulike badeplassar spredt på museumsområdet. Vi har badetrapp, naturstrand og ei lita skjerma sandstrand for dei minste. Har du ikkje handduk kan du leige det på museet, og i museumsbutikken har vi badetøy til heile familien.

I skuleferien har vi uteleikar til låns i resepsjonen.

  • Tre gutter og to jenter leker med bocca ved stranden på Taremare
    1/4
    Tre gutter og to jenter leker med bocca ved stranden på Taremare Jan Lillebø
  • 2/4
    Jan Lillebø
  • 3/4
    Jan Lillebø
  • 4/4
    Jan Lillebø
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2