Hopp til hovedinnhold

Vil du gifte deg Anna...

Bli med på tradisjonell bryllaupsfest i Øygarden. Ei vakker bruredrakt med tilhøyrande krone er naturleg midtpunkt i utstillinga, men gjestane og sjølve festen er også hjarteleg tilstade.

Tradisjonsbryllaup i Øygarden

Bli med på tradisjonell bryllaupsfest i Øygarden. Visste du at i Øygarden vart det festa i mange dagar når to skulle smies i hymens lenkjer. Dans og spel til langt på natt, mykje drikk og god mat høyrde med. Heile bygda var invitert og det kunne være over 100 gjestar. 

Kronebrud

Nokre jenter var kronebrud. Brurekrona symboliserte i katolsk tid jomfru Marias krone, og det var bare den uberørte jenta som fekk bære krone. Brura vart pynta i lag på lag frå topp til tå – ei brud var så staseleg at ho hadde ikkje mindre enn fem stakkar på seg.

I tillegg til kronebruredrakten er gjestane sine draktar representert, i tillegg til eit utval bringeklutar frå samlinga vår.


  • 1/4
  • 2/4
  • Nærbilete av ei av søljene på brystduken tilhøyrande bruredrakten i utstillinga på Kystmuseet.
    3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2