Hopp til hovedinnhold

Debatt: Vi som bygde ned Øygarden - Krisefornektelse, industrifrieri og storstilt utbygging?

Er Øygarden den einaste kommunen i Noreg der vi ikkje treng urørt natur? Vil vi bli hugsa som dei som bygde ned Øygarden? Er naturforvaltinga i kommunane ein «heime-åleine-fest»?

Berekraftsveko i Øygarden arrangerer debatt om tap av natur og naturmangfald i Øygarden og Norge generelt. 

NRK har i 2024 aktualisert utfordringane med stadig større utbygging og tap av natur i Norge. Bakgrunnen for debatten er naturtapa vi har opplevd i Øygarden dei siste 50 åra, samt står ovanfor med alt i frå Sotrasambandet til potensielt bygging av kjernekraftverk.

 I tillegg er det kome ein rapport frå naturrisikoutvalet om at staten må kome med tydlegare føringar for å halde kommunane i øyra i utbyggingsspørsmålet. Det kan sjå ut til at det er ein konflikt mellom nasjonale vernestrategiar og lokale utbyggingsønske.

Debatten vert leia av Harald Victor Hove - Seniorrådgjevar i First House

I panelet finn vi: 

  • Alfred Jens Bjørlo - Stortingsrepresentant for Venstre
  • Tom Georg Indrevik - Ordførar Øygarden kommune
  • Marianne Sandahl Bjorøy – Gruppeleiar for Øygarden Arbeiderparti
  • Roy-Eddy Lie - Eigedomssjef i Liegruppen AS
  • Andreas Ormevik - Leiar av Miljøpartiet de grønne i Øygarden
  • Lene Kristin Hansen - Nestleiar i Naturvernforbundet i Øygarden
  • Inger Måren - Professor (CeSAM)
  • Ruben Oddekalv - Leiar av Norges Miljøvernforbund
  • Kari-Anne Landro – Leiar Vest Næringsråd
  • Lisbeth Selstø – Areal- og samfunnsplanleggar Øygarden kommune
  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2