Kystmuseet i Øygarden og Berekraftsveko 2024 arrangerer Klesbyttedagen sundag 14.april kl 12-17 i Taremare på kaien.
Klede er eit miljøproblem. Me brukar store areal og ressursar, og ikkje minst store mengder vatn og kjemikaliar for å lage tekstilar. Vårt forbruk av klede er ikkje berekraftig, likevel har mange av oss (ofte) lyst å fornye garderoben.
For å gje dykk moglegheita til å gjere dette på ein meir miljøvenleg måte arrangerer Kystmuseet KLESBYTTEDAG. Gjenbruk er den mest miljøvenlege måten å fornye garderoben på, og mange har sikkert skattar i skåpet en er lei eller som ikkje passar lenger, kvifor ikkje gje plagget nytt liv ved å bytte det bort? Dette er kva Klesbyttedagen handlar om.
Slik foregår det heile:
Du leverar inn klesplagg, og tilbake får du ein bong som du kan bruka til å «handle» klesplagg for. Det er max 7 plagg per person, og me tar KUN imot heile og reine klede. Me tar ikkje imot undertøy, sokkar eller badetøy. Tenk litt på kva du sjølv vil like å sjå på stativa når du skal «handle» for bongane dine. Her tenker vi GULL ikkje TULL Me har følgjande tider me tar imot skattane dine:
Innlevering av klede:
Fredag 12.april kl 12-16, innleveringa foregår i kafeen på museet
Sundag 14.april kl 10-11.30 då kan du levere direkte i Taremare på kaien
- 1/1