Hopp til hovedinnhold

Eg rodde meg ut

I naustet ved museet finn du utstillinga «Eg rodde meg ut». Her fortel vi om fiske til eiga gryte og til sal i byen på torget. Heimefisket har lange tradisjonar på øyane ved havet, både som næring og levevis.

  • I nastet med det raude taket finn du utstillinga "Eg rodde meg ut"

Dei som budde kring Ovågen var sjølvberga året rundt med fisk. Eit rikt innsig av makrell og sild i vågen og gode fiskeressursar få sjømil unna naustet sytte for det.

Reiskapane som blei brukte i dette tradisjonelle fisket var handsnøre, line, ulike garn, landnot og teiner. Laga heime på garden eller kjøpte hos bondehandlaren i Bergen.

Færingen var sjølvsagt viktig når dei skulle fiske, og i naustet står ein brønnfæring. Det er in robåt med innebygd brønn kor dei frakta levande fisk. Før ville dei frakta fisken i ei fiskekiste som dei hadde på slep etter båten mens dei rodde til Bergen og Fisketorget.

I naustet ved Ovågen fortel vi om heimefisket og reiskapane dei brukte.

  • Tradisjonelle reiskaper som garn, not, line, snøre og teiner i utstillinga Eg rodde meg ut.
    1/4
    Tradisjonelle reiskaper som garn, not, line, snøre og teiner i utstillinga Eg rodde meg ut. Marianne Lindgren / Museum Vest
  • Tradisjonelle reiskaper som garn, not, line, snøre og teiner i utstillinga Eg rodde meg ut.
    2/4
    Tradisjonelle reiskaper som garn, not, line, snøre og teiner i utstillinga Eg rodde meg ut. Marianne Lindgren / Museum Vest
  • Utstillinga Eg rodde meg ut handlar om heimefiske og tradisjonelle reiskaper som garn, not, line, snøre og teiner.
    3/4
    Utstillinga Eg rodde meg ut handlar om heimefiske og tradisjonelle reiskaper som garn, not, line, snøre og teiner. Marianne Lindgren / Museum Vest
  • I naustet finn du utstillinga Eg rodde meg ut, som handlar om heimefiske og tradisjonelle reiskaper.
    4/4
    I naustet finn du utstillinga Eg rodde meg ut, som handlar om heimefiske og tradisjonelle reiskaper. Marianne Lindgren / Museum Vest
Museum24:Portal - 2024.05.16
Grunnstilsett-versjon: 2