Hopp til hovedinnhold

Forteljarkveld: Ferjefolket av Halvor Folgerø

Velkommen til forteljarkveld med Halvor Folgerø om den nye boka "Ferjefolket"!
Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk frå Smøla i nord til Stavanger i sør, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø. Boka har fått svært god mottaking, og var ein av haustens bestseljarar.
I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.

Kystmuseet i Øygarden
23. jan. 2025
19.00
Billett

Velkommen til forteljarkveld med Halvor Folgerø om den nye boka «Ferjefolket»!


Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk frå Smøla i nord til Stavanger i sør, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø. Boka har fått svært god mottaking, og var ein av haustens bestseljarar.


I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.
Etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.
Sikra deg din billett no.

  • 1/1
    Halvor Folgerø
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2