Neshaugen var, frå gamalt av, Blomvågneset gard sin utkikksplass - berre eit godt steinkast frå klyngetunet.
Neshaugen gjev vid utsyn til alle himmelretningar, medrekna kysten og havet frå Løno i sør til Skogstuva i nord. Var veret var lagleg nok til å sjå til laksenota eller til å fara på havet? Her kunne og losane finna ut om skip trong los. Her kom og kvinnene for å sjå og venta på mennene sine ved uvær og storm (Nr. 1 på kart).
Før krigen var det nøytralitetsvakt på Neshaugen, dei fleste vaktmennene kom frå Blomvåg: Jetmund Njøten, Magnus Dale, Anders A. Dale, Ole Bertinsen Ness, Nils Landro. Vakthaldet haldt fram etter krigen i regi av Den norske marine.
Då Noreg vart ein sjølvstendig nasjon etter i 1905 vart det på somme gardar sett opp ei flaggstong på desse høgdene ved gardane. Slik var det og her på Neshaugen. Det var ei felles flaggstong for garden der flagget vart heist på merkjedagar og søndagar. Denne flaggheisinga kunne mange stader halda fram til fleire år etter verdskrigen, heilt til utviklinga vart slik at kvart hus hadde si eiga flaggstong.
Under andre verdskrigen hadde tyske Luftwaffe ein observasjonspost på Neshaugen. Dei tyske soldatane som var stasjonært der, om lag 10-12 personar, budde i ei lita bu ved Blomenuten. Oppdraget for soldatane på Neshaugen var å vakta luftrommet for britiske angrep. Den viktigaste oppgåva for soldatane på Blomenuten var å observera nedslag etter skyting frå Fjell Festning (Nr. 7 på kart).
Dei tyske soldatane som var stasjonert her, sette varige merkjer etter seg på Neshaugen gjennom bygginga av observasjonsposten. Vaktstyrka frå det norske militæret som hadde sytt for nøytralitetsvernet frå 1939-1940, var stort sett likevel dei same personane som stod for vakthaldet etter krigen. Vakthaldet tok slutt kring 1969. Etter dette sette Televerket opp antenne for radiolink som erstatning for telefonlinjene. Då telefonsentralen var lagt ned i heimehuset til bruksnr. 41/2, vart også antenna teke ned.
Mannskapsforlegninga (7), som i dag er ei private utleigehytte, samt ammunisjonslageret (5), er ikkje tilgjengeleg for publikum. Vis omsyn!
Ønskjer du omvising på Neshaugen?
Om du ønskjer ei guida omvising i bunkeranlegget på Neshaugen må du ta kontakt med Øygarden sogelag. Kontakt dei her.