Hopp til hovedinnhold

Guida RIB-tur til Øygarden Visningssenter for oppdrett

Oppdrett av laks og aure er ein av dei viktigaste næringane i landet vårt. Men kva veit du eigentleg om norsk havbruksnæring? Bli med på ein gøy tur i RIB til oppdrettsflåten for eit møte med både røktar og fisk.

Havet har spelt ei viktig rolle for folket i Øygarden. Det har klare band til vår identitet, historie og tradisjonar. Det var sjøen som gav mat og var ferdavegen for folk som busette seg her. Havet vil også i framtida spela ein avgjerande rolle for innbyggjarane i Øygarden.​

På denne guida turen vil du få eit innblikk i korleis dagens oppdrett går føre seg. Næringa har endra seg mykje sidan oppstarten på tidleg 70-tal. Opplevinga starter med ein film i kinosalen på museet før turen går vidare i RIB til oppdretsflåten som ligg eit steinkast frå museet.

Turen passar for heile familien, merk aldersgrense 5 år og barn under 12 år MÅ ha med seg ein vaksen under turen. Vi har redningsvestar, men hugs å kle deg for veret. 

Turane går på kvardagar i mai-august kl 12 og 13. Det er mogleg å få guida tur utanom sesong men då er det kun på forespørsel, send mail til: kystbooking@museumvest.no  

OBS! Turane er populære så me anbefalar å kjøpa billettar på førehand.


  • 1/1
    Jan Lillebø
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2