Hopp til hovedinnhold

Taremare Hav- og berekraftssenter

Taremare- Hav- og berekraftsenter skal bli ein inspirasjonsarena for formidling av kulturhistorie knytt til berekraftig ressursbruk av havet. Menneske og havet i 11000 år, og inn i framtida!

Her skal unge, som gamle, få kunnskap og nærleik til hav og fjære – gjennom direkte kontakt med natur, teori gjennom forsøk og eksperiment, til teori knytt til forhistorie, kulturhistorie og det grøne skiftet. 

Vi er i konseptutviklingsfasen, og har allereie mange gode samarbeidspartnarar knytt opp mot Øygarden kommune, Blom Laks AS, Equinor, Universitetet i Bergen, NORCE, stiftelsen Framtidshavet, m.f., men vil veldig gjerne ha fleire med oss. Ta kontakt med oss i fjero!

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2